Aktuelt PDF Skriv ut E-post
Vik kontorteneste vart etablert i 1989, det betyr at me i 2009 jubilerar - så ofte me kan:-)

Nytt i år er og at me har kjøpt Balestrand rekneskapskontor, og at dei no er avdelingskontoret vårt. Dette blir spennande og me gler oss til å samarbeida både med Atle, Inger og Liv - og ikkje minst dei nye kundane våre på andre sida av fjorden.

Vik kontorteneste sin opprinnelege forretningsidé var å vera ein samarbeidspartner for andre næringsdrivande i Vik og omegn når det gjeld alle slags kontortenester. Dette har gjennom åra utvikla seg til at det i dag er rekneskap og tilhøyrande tenester som er hovedprodukta våre.

Me er no 5 autoriserte rekneskapsførarar og 4 rekneskapsmedarbeidarar som har lang erfaring og god kompetanse innan:
  • rekneskap og økonomistyring
  • bedriftsrådgjeving og bedriftsetablering
  • styrearbeid og forretningsførsel
Målet vårt er Samarbeid for auka lønsemd.

Vik kontorteneste as er tilslutta Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening og me har samarbeidsavtale med Norges Bondelag.

Me har gjennom åra opparbeidd oss mykje kunnskap og gode arbeidsmetodar for rekneskap og økonomistyringsrutinar. Kvalitetssikring er eit viktig nykkelord i denne samanhengen.

Kom gjerne innom i Vikjatunet eller i Holmatunet for ein prat eller ta kontakt om aktuelle løysingar for di verksemd.
Sist oppdatert ( torsdag 03. september 2009 )