Velkommen til Vik kontorteneste as, eit rekneskapskontor med 20 års erfaring - me tilbyr alle tenester innan bransjen:
- rekneskap, løn og økonomistyring
Vik kontorteneste as tilbyr og gardsrekneskap. Me tek gjerne oppdraget ute på kunden sitt kontor og/eller tilbyr utleige av kvalifisert personale innan økonomi.
- bedriftsrådgjeving og bedriftsetablering
Vik kontorteneste as har lang erfaring innan etablering av småbedrifter og kunnskap om rådgjeving i ein utviklingsfase. Me utarbeider forretningsplanar og budsjett.
- administrasjon og forretningsførsel
Vik kontorteneste as kan på seg heile administrasjonen for småbedrifter og utfører gjerne styrearbeid.
Målet vårt er Samarbeid for auka lønsemd.

Siste nytt:
Frå 1. januar -10 er Vik kontorteneste as ein del av Økonor-kjeda. Det betyr at me frå no av marknadsfører oss under namnet Økonor Sogn. Me er likevel sjøleigde og sjølstyrte. Me ser med spenning fram til å utvikla oss vidare saman med Økonor. Sjå ny heimeside: okonor.no/sogn - denne blir oppdatert etter kvart.
Frå 1. september -09 er Balestrand rekneskapskontor ein avdeling hjå oss.
Dei nye medarbeidarane våre er Atle, Inger og Liv og me gler oss til å bli kjende med dei nye kundane våre i Balestrand!
|
|
Sist oppdatert ( fredag 29. januar 2010 )
|